Her er moglegheita di til å støtte din organisasjon gjennom Grasrotandelen
Driv du med litt tipping i blandt? No kan du være med å gje stønad til Noregs Blindeforbund Ungdom Region Vest gjennom grasrotandelen. På denne måten kan DU bidra til eit auka aktivitetsnivå her i vest. Grasrotandelen er eit beløp som fungerer som ein slags kompensasjon for tapte automatinntekter for frivillige lag og organisasjonar som oss. Gjennom di øyremerking av fem prosent av beløpet du spelar for til vår organisasjon, gjev dette oss stor betydning for kva tilbod vi kan gje til medlemmane lokalt og regionalt. Gjennom di stønad i grasrotandelen får vi i Region Vest 5% av det DU som medlem tippar for kvar gong. Dette er gode prosentar som gjev Regionen unike moglegheitar for oss til å drifte organisasjonen, aktivitetar, arrangement og andre hendingar i kommande framtid til dykk som er medlem. Dess meir du tippar og støttar dykkar eigen organisasjon, ynskjer vi i Region Vest å gje gode tilbod og opplevingar i framtida. Ved at du som medlem og er aktiv med på våre arrangement får du og eit godt utbytte av dei 5 prosentane du støtter organisasjonen med.
Korleis støtte oss?
Ved å spele i Norsk Tipping gjennom ditt registrerte tippekort, går du til kommisjonæren (den du tippar hjå) og oppgjev vårt organisasjonsnummer eller namn på organisasjonen. Vårt organisasjonsnummer er 994 022 318 og står på dei vedlagte korta i brevet, som du kan ta med dykk når du skal tippe. Grasrotandelen gjeld for alle Norsk Tippingspel, bortsett frå Flax og Extra. Frå den dagen du har registrert vårt nummer, gjeld dette for kvar gong du speler, heilt til du eventuelt endrar mottakar. Grasrotmottakaren står oversiktleg oppført på din spelekvitering.
Grasrotandelen du eventuelt gjev og støtter, går ikkje på bekostning av innsatsen din eller premien du eventuelt vil få/vinne. Når du har registrert din stønad til regionens organisasjon kan du gje det vidare til andre vener og kjente som også kanskje vil gje sin stønad til oss. Vi har difor lagt ved eit par kort som du gjerne kan gje vidare til andre. Vedlagt følgjer og brev til vener, familie og kollegaer som ynskjer å vite litt meir om oss før dei gjev sin stønad.
Vi i Region Vest ynskjer og at du som medlem gjerne kan kome med ynskjer og forslag til arrangement, aktivitetar eller happeningar som du kunne tenkt dykk at vi skulle arrangert i organisasjonens utbytte. Dette kan du gjere ved å sende e-post til vår e-postadresse vest[at]nbfu[dot]no. På www.nbfu.no vil du heile tida finne informasjon om våre arrangement og lokale samlingar som vil skje framover i tid.
Vi ynskjer med dette din stønad til din eigen organisasjon her i vest og håper på at du vil spreia desse ord til både vener, familie, slekt og kollegaer. Ha ein fortsatt fin sommar.
Mvh
NBfU Region Vest