Jump to Navigation
Hjem
Norges Blindeforbunds Ungdom

Hovedmeny

  • Forside
  • Nyheter
  • Politikk
  • Om oss
  • Regioner
  • Kontakt

Søkeskjema

 

Du er her

Hjem › Nyheter ›

Hugs fylkeslaga sine haustmøter

Publisert:
18. oktober 2008

I desse dagar arrangerer fylkeslaga i Noregs Blindeforbund haustmøta sine. På møta blir mellom anna budsjettet for din region av NBfU handsama.

2009 blir eit spesielt år for Noregs Blindeforbund. Organisasjonen har sete seg føre å auke talet på medlemmar frå 6 500 til 20 000. Lions sin "Raude fjær"-aksjon går til inntekt for forbundet, og den nye diskriminerings- og tilgjengelegheitslova trer i kraft 1. januar.

Dette er berre nokon av dei tinga som kjem til å gjere 2009 til eit særleg spanande år i moderorganisasjonen vår. Om du vil ta del i dette, bør du reise på haustmøtet til fylkeslaget ditt og leike med dei vaksne.

For seint ute? Jaja, då får du dra på årsmøtet deira. Det blir mange spanande sakar der også; mellom anna val av delegatar til Noregs Blindeforbund sitt landsmøte. Kanskje du burde vere ein av dei?

Del med: Facebook Twitter 

Telefon: 23 21 50 57 E-post: kontoret[at]nbfu[dot]no 
Postadresse: Postboks 5900 Majorstuen, 0308 OSLO
Kontonummer: 1503.12.39858 Organisasjonsnummer: 985 277 745