Invitasjon til NBfU sitt haustkurs 2008
Noregs Blindeforbunds Ungdom (NBfU) arrangerar sitt årlege haustkurs på Hurdalsenteret for blinde og svaksynte 20.-23. november. I år er kurset todelt. Programmet for elevar startar torsdag kveld, og programmet for studentar og arbeidstakarar/-søkjarar startar fredag kveld.
Torsdag 20. og fredag 21. er det program for elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule. Her vil det bl.a. vere diskusjon og erfaringsutveksling om skulelitteratur, hjelpemiddel m.m., og gruppearbeid med temaet studieteknikk. Det vert òg kroppsøving, så du må ha med gymtøy.
Fredag kveld er det "krangleskule", med fokus på diskusjonsteknikk og korleis ein skal nå fram, f.eks. med ein søknad om hjelpemiddel.
Laurdag 22. er det program for studentar i høgare utdanning, arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Tema vil bl.a. vere å ta høgare utdanning som synshemma, og rettar i samband med hjelpemiddel. Her kjem representantar frå konsulenttenesta for funksjonshemma studentar ved UiO/HiO, Synshemmede Akademikeres Foreining (SAF) og Senter for Yrkesretta Attføring (SYA).
Denne dagen er det kurs for elevane, "korleis sjå bra ut for dei som ikkje ser spegelen". Etterpå vert det aktivitetar ute – klatring i bruskassetårn, taugbane m.m.
Sundag 23. november er det felles program, evaluering og avslutning av kurset.
Meir nøyaktig program vert sendt ut etter påmelding. Påmeldingsfrist er 24. oktober, og påmeldinga er bindande.
Ved påmelding må me vite følgjande:
- Namn, e-postadresse og telefonnummer
- Kva for del av kurset du ynskjer å ta del i
- Allergiar me må ta omsyn til
- Om du har med førarhund
Du kan melde deg på til kontoret[at]nbfu[dot]no, eller ved å ringe NBfU-kontoret på 23 21 50 57.
NBfU-kontoret bestiller reise for dei som tek fly.
Eigedelen for kurset er kr. 700 for deltakarar som kjem på torsdag, og kr. 500 for deltakarar som kjem på fredag.
Vel møtt!
Med vennleg helsing
NBfU-styret