Kurs for unge vaksne synshemma i Hordaland
Målgruppa er personer som er synshemma i overgangfase frå ungdom til voksen alder. I utgangspunktet 16-30 år. Både synshemma frå fødselen av og unge som har blitt synshemma. Busett i Hordaland.
Er du ferdig med eller snart ferdig med skulen?
Har du begynt på høgare utdanning eller er du midt i eit studium?
Er du i ferd med å søke arbeid, ynskjer å byte arbeid eller slit på jobben?
Målsettinga er at deltakarane skal
- Få hjelp til sjølvhjelp
- Møte representantar frå ulike faglige miljø og kunne stille spørsmål
- Få kunnskap om utfordringar og muligheiter som unge synshemma har og metodar for sjølvhjelp
- Ha anledning til erfaringsutveksling med andre i same situasjon
- Ha sosialt utbytte av samværet med andre unge synshemma
Læringsmetoder: Foredrag, erfaringsutveksling og sosialt program.
Tid: Fredag 10. og laurdag 11. oktober 2008
Fredag 13.00 til laurdag kl 15.00
Frist for påmelding 5 oktober 2008
Stad: Lærings- og mestringssenteret i Bergen,
Ulriksdal Helsepark, Ulriksdal 2 (v/innkjørsel til Haraldsplass sykehus)
Påmelding til prosjektleiar Magne Høgelid, Helse Bergen, Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen, epost mhog[at]helse-bergen[dot]no, tlf:55 97 57 07.
Kursarrangører
Tilbodet er utvikla av Norges Blindeforbund saman med Helse Bergen, Syns- og audiopedagogisk teneste i Hordaland, NAV arbeid, trygd, hjelpemiddelsentralen, Statped Vest, Bergen kommune Helse- og sosial og voksenopplæringen i samarbeid med Lærings og mestringssenteret i Bergen.
Overnatting: Ved påmelding gi beskjed om du har behov for overnatting/hotell
Kurs for unge synshemma
Fredag 10. oktober 2008, 13.00-18.00
13.00-13.30 Presentasjon av deltakarane og orientering om bakgrunn for kurset.
13.30-14.00 Orientering frå idrettskretsen om treningskontaktordninga og idrettslaga sitt tilbod til synshemma – Brosjyre og søknadsskjema vert utlevert
14.00-14.30 Orientering frå UIB om støtte tiltak og kontaktpersonar for synshemma- Brosjyre vert utlevert
Pause m/ frukt 30 min
15.00 Orientering frå psykolog med kompetanse om synshemming om utfordringar i forhold til sosialt liv, arbeid og utdanning - mellom anna manglande kunnskap om visuell kommunikasjon
16.30 Brukar(ar) som har gått gjennom fasen frå ungdom til voksen presenterer erfaringar - utfordringar og meistring av desse.
Frå 18.00 Middag og sosialt program under leiing av brukarar
Laurdag 11. oktober 2008 kl 10.00-15.00
10.00-12.00 Offentlege rettar for synshemma( NAV arbeid/trygd, SAPT, NAV hjelpemiddelsentral m.v).
12.00 – 13.30 Muligheiter ved bruk av nytt datautstyr/program for unge synshemma – v/ Sverre Andreas Holbye
13.30-14.00 Lunsj.
14.00-15.00 Tilbakemeldingar frå brukarane og vegen vidare.